English version of this page

Relevante databasar for fysikk, elektronikk og materialvitskap

I tillegg til desse basene finst det ei mengde baser som kan vere relevante for emne innan fysikk som du finn her.

Alloy Phase Diagrams Center (ASM)
Database over fasediagram frå ASM( American Society for Metals). Basen gjev tilgang til over 28000 binære og ternære fasediagram med tilhøyrende data.

arXiv (1991-)
Ope fulltekstarkiv for fortrykk (preprints) innan fysikk, matematikk, informatikk m.m. Særleg sterk på teoretisk fysikk.

CERN document archive
Artiklar, rapportar og multimedieinnhald innan høgenergifysikk.

CODATA Fundamental Physical Constants
Referansedatabase for fysiske konstantar frå NIST (National Institute of Standards and Technology).

CRC handbook of chemistry and physics
CRC Handbook of Chemistry & Physics er utgjeve årleg sidan 1913 og vert rekna som eit standardverk innan referanselitteraturen, særleg innan praktisk kjemi. Inneheld kompakte tabellar over eigenskapar til atom, isotopar, kjemiske sambindingar, faste stoff, med meir.

Google scholar
Søkemotor for vitskapeleg informasjon. Gjev mellom anna treff på artikar utgjeve av akademiske forlag, avhandlingar frå høgare utdanning, bøker, samandrag og tekniske rapportar frå eit vidstrakt forskningsområde. Ver merksam på at referansane ofte er ufullstendige og feilaktige. Sjå FullText@UBO for tilgang til fulltekst eller tinging av lån/kopi.

IEEE Xplore
Fulltekstarkiv for tidsskrift og konferansepublikasjonar (proceedings) frå IEEE og IET, IBM og VDE Verlag, som dekkjer anvendt fysikk, teknikk og informatikk med særleg fokus på elektronikk. Inkluderer òg IEEE Standards Dictionary og kring 1000 e-bøker frå IEEE og MIT Press.

INSPEC (IET) (Sagt opp frå 1.1.2016)
Fagspesifikk referanse- og siteringsdatabase frå IET (The Institute of Engineering and Technology) som dekker fysikk og relaterte vitskapar og ingeniørfag. Totalt i underkant av 5000 titlar.

Inspire HEP
Høgenergifysikk-database drive av CERN, DESY, Fermilab, IHEP og SLAC.

O'Reilly
Over 43 000 e-bøker, særskild fokus på handbøker om programmering, databehandling og beslekta emne. Sida krev registrering: Velg «Not listed? Click here» og fyll inn ei UiO-adresse (@uio.no).

Oxford Reference: Physics
Eit sett med oppslagsverk frå Oxford University Press innan fysikk.

Scopus (Elsevier)
Tverrfagleg referanse- og siteringsdatabase lansert i 2004. Størst tyngde innan medisin og livsvitskap, men har vakse til å verte ein særs allsidig og brukarvenleg base. Framifrå dekning på nyare publikasjonar, men går ofte ikkje særleg langt attende i tid. Ein nyttig funksjon er forfattarsøket som lèt ein skilje mellom forfattarar med liknande/like namn.

SpringerMaterials / Landolt-Börnstein
Landolt-Börnstein er ein særs omfattande materialdatabase starta i 1883 som i dag vert publisert av Springer. Inkluderer elektroniske og magnetiske eigenskapar, krystallografi, termodynamikk, fasediagram, m.m.

Web of Science (Thomson Reuters)
Tverrfagleg referanse- og siteringsdatabase som byggjer på basar starta på 1960-tallet. Var lenge den einaste tverrfaglege databasen for siteringssøk, men har sidan 2004 konkurrert med Scopus. WoS har framleis betre dekning bakover i tid, men dekkjer i dag færre publikasjonar enn Scopus. Dei to basane har stort overlapp, både i dekning og funksjonalitet.

Publisert 21. mai 2015 15:46 - Sist endra 19. nov. 2020 22:53