Boklansering: Gunnerus og nordisk vitskapshistorie av Rolv Nøtvik Jakobsen

Velkomen til lansering av boka "Gunnerus og nordisk vitskapshistorie" av Rolv Nøtvik Jakobsen i Juridisk bibliotek. Arrangementet er ope for alle!

Bildet av boka Gunnerus og nordisk vitskapshistorie
Velkomen til boklansering!
Foto: Marianne Karlsen/UiO

Program

  • Velkomen ved Scandinavian Academic Press
  • Innleiing ved professor Dag Michalsen, Det juridiske fakultet
  • Presentasjon av boka ved Rolv Nøtvik Jakobsen
  • Fagfellevurdering ved professor Ola Mestad, Det juridiske fakultet
  • Fagfellevurdering ved professor Tarald Rasmussen, Det teologiske fakultet

Enkel servering.
 

Om boka

Johan Ernst Gunnerus (1718–1773) var ein føregangsmann innan naturvitskapeleg arbeid og samstundes ein framståande teolog og filosof. Han var biskop i Trondheim og stifta det første vitskapelege selskapet i Noreg, eit veritabelt "opplysningas laboratorium". Heile livet stod Gunnerus i kontakt med andre sentrale vitskapsaktørar i tida, som Holberg, Suhm, Schøning, Linné, Pontoppidan, Wolff og Michaelis.

Gunnerus og nordisk vitskapshistorie er det første samla oversiktsverket over Gunnerus sitt liv og virke og ei forteljing om den moderne vitskapens startfase i Norden.
 

Om forfattaren

Rolv Nøtvik Jakobsen er teolog, 1700-tallsforskar og medlem av akademiet i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Har er førstebibliotekar ved NTNU-Gunnerusbiblioteket.
 

Arrangementet er ope for alle!

Publisert 4. des. 2015 09:29 - Sist endra 4. des. 2015 11:17