Boklansering: Handboka

Alt du vil vite om hendene dine - og litt til! Ei oppdagingsferd inn i biologien i hendene dine.

Hendene dine er eit resultat av ei utvikling over milliardar av år. Biologen Åsmund Eikenes tek oss frå ursuppa og fram til hendene dine. Kvifor er hendene som dei er? Korleis fungerer dei, og korleis samtaler dei med hjernen? Korleis beskyttar huda oss mot farlege bakteriar og virus? Og kva om vi kuttar av oss ein finger, kan det i framtida vere mogleg å produsere ein ny i laboratoriet? 

Åsmund Eikenes fortel i denne boka ei rekkje engasjerande historier om ny vitskap, medisinske gjennombrot og fascinerande oppdagingar, alt med utgangspunkt i hendene dine. Boka er ei oppdagingsferd i biologien, ei reise bakover i tid, innover i kroppen og framover mot neste vitskaplege gjennombrot. Du får også bli kjend med dine eigne hender gjennom observasjonar og små eksperiment. 

Program

  • Handmåling og noko å drikke
  • Introduksjon ved Cecilie Seiness, redaktør i Samlaget
  • Samtale med forfattaren, om hender og forskingsformidling
  • Boksal / signering

 

Foto: Olav H. EikenesÅsmund Husabø Eikenes (f. 1986) har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er ein engasjert forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn, men bur i Oslo.

 

Emneord: Science Debate
Publisert 25. aug. 2016 09:01 - Sist endret 5. sep. 2016 13:29