English version of this page

Fysikk - faglitteratur og fagbibliotek for masterstudenter

Kurset er ein forelesning over to timar for nye masterstudentar ved fysisk institutt og gjev ein introduksjon til søking, referansehandtering og kjeldekritikk. Kurset vert gjeve på engelsk.

Kva lærer du?

Etter kurset skal du

  • Forstå korleis ein nyttar andres arbeid som støtte for sitt eige
  • Kunne sitere og referere og kjenne til referansehandteringsverktøy
  • Finne litteratur ved å bruke Oria eller relevante fagdatabaser
  • Kunne utøve kjeldekritikk
  • Kjenne til reglar og konsekvensar for fusk ved UiO
  • Kjenne hovudtrekka i publiseringsprosessen
  • Kjenne til bibliotekstilbodet ved UiO

Arbeidsmåtar

Undervisninga vert gjeve som ein dobbel førelesning.

Målgruppe

Kurset er for nye masterstudentar. Noko stoff som vert gjennomgått på kurs for bachelorstudentar vert forventa kjend.

Kurshaldar

Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes' hus. Eva Holthe Enoksen (e.h.enoksen@ub.uio.no)

Av Eva Holthe Enoksen
Publisert 16. sep. 2015 13:27 - Sist endret 27. juni 2016 14:56