750 år sidan Dante Alighieri vart fødd - bokutstilling

Omkring mai/juni i år er det 750 år sidan den verdskjende italienske diktaren Dante Alighieri (1265-1321) vart fødd. Vi markerer jubileet med ei bokutstilling!

Portrett av Dante Alighieri. Foto: Wikimedia Commons

Med denne bokutstillinga vil HumSam-biblioteket markera Dante Alighieris 750. fødselsdag. Dante er vel - ved sida av Leonardo da Vinci - verdas mest berømte italienar, han er i alle fall den aller mest kjende diktaren. Alle har høyrd om han, og har i det minste ein idé om visjonen av Helvetet, sjølv om dei meir håpefulle dødsrika, Skiringsheimen (Purgatorio) og Paradiset, der dei frelste held til, ikkje er så populære.

Les meir om utstillinga.

Publisert 22. mai 2015 15:19 - Sist endra 3. juli 2015 10:04