Auget på utstilling

Lurer du på kvifor auget ikkje frys i polare strøk? Veit du kven som teikna dei fyrste kontaktlinsene? Me viser fram gamle ting, og ny forsking frå UiO og OUS.

Om utstillinga

Utstillinga er den tredje i ei utstillingsrekke om kroppen vår.

Utstillinga syner fram bøker og gjenstandar frå Medisinsk bibliotek, Ullevål museum og Museum for universitets- og vitenskapshistorie, samt forsking frå Det medisinske fakultet og Oslo universitetssykehus.

Publisert 25. apr. 2016 14:13 - Sist endra 6. sep. 2016 14:07