Ny biblioteknettside for forskarar

For å hjelpe deg som forskar til å komme dit du vil med forskinga di, har Universitetsbiblioteket samla tenester som er relevante for forskingskvardagen på ein stad.

Foto: UiO/Anne-Gry Skonnord

På sida kan du mellom anna finne konkret rettleiing i attfinning og kartlegging av litteratur, informasjon om publisering og om støtteordningar, og informasjon om og kritikk av verktøy for måling av impact. Du finn òg døme på korleis Universitetsbiblioteket kan medverke til forskingsformidling.

«Vi opplever ofte at forskarar spør etter tenester vi allereie tilbyr,» seier Eystein Gullbekk, leiar for forskings- og undervisningsstøtte ved UB. «Denne nye nettsida er difor eit steg på vegen for å gjere desse tenestene lettare tilgjengelege. Vi vil halde fram med å gjere både sida og  tenestene betre, slik at vi kan støtte opp om UiOs strategi om å levere framifrå forsking.»

Ta i bruk www.ub.uio.no/om/for-forskere, og kom dit du vil med forskinga di.

Publisert 23. mars 2015 13:30 - Sist endret 23. juni 2016 09:28