Papyrus i nytt lys

UiO og Universitetsbiblioteket eig ei samling på rundt 2300 papyrusar, funnen i Egypt på starten av 1900-tallet. Fleire av tekstane har vore vanskelege å tyde, men nå har vi bokstavelig talt sett skrifta i nytt lys, ved hjelp av Nasjonalbibliotekets spektralskannar.

Papyrolog Anastasia Maravela saman med konservatorane Chiara Palandri og Wlodek Witek. Foto: UiO/Lars Lørdahl

For fyrste gong er det skanna papyrus med Nasjonalbibliotekets (NBs) spektralskannar. Den nyttar ulike lyskjelder for å gjere det mogeleg å lese utydelege tekstar. Papyrolog Anastasia Maravela frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, og Andrea Gasparini, ansvarleg for digitalisering på Universitetsbiblioteket, tok med seg nokre av UiOs papyrusar til NB for å ta ein nærmare titt på dei i skannaren, saman med konservatorane Chiara Palandri og Wlodek Witek.

Skannaren er ein stengd boks, slik at brukaren ikkje utset seg for stråling. Foto: UiO/Lars Lørdahl

Same metode som FBI

Spektralskanning er bølgeskanning, objektet blir avbilda i ulike typar lys. Ved å skanne i alle delar av fargespekteret, frå ultrafiolett via vanleg lys til infraraudt, får ein fram fleire detaljar frå dokument som er øydelagde, slitne eller skitne. Dette er same metoden som FBI bruker i dokumentanalysar. NBs utstyr er enkelt, men avansert og raskt, og viser resultatet direkte på skjerm.

Vellykka skanning gir fleire detaljar om Romertida

Papyrusane som vart skanna, var ein kontrakt, ei kvittering og eit identitetskort som alle dokumenterer dagleglivet i Egypt mellom om lag år 100 og år 300 e.Kr, samt ein tekst som mest sannsynleg er skjønnlitterær. Ved hjelp av skannaren kom meir av teksten til syne. Forskarane håpar at skanninga vil gi enda betre innsikt i dagleglivet i Egypt i Romertida. "Det er fleire fragment i samlinga som vil ha utbytte av skanning," fortalde professor Anastasia Maravela, "så dagens vellykka resultat lovar godt for fleire av papyrusane."

UBs papyrussamling

På skjermen kan ein samanlikne dei ulike bilde av papyrusen, i vanleg lys og etter skanning. Foto: UiO/Lars Lørdahl

Papyrussamlinga ved Universitetsbiblioteket i Oslo vart etablert av professor Samson Eitrem. Saman med professor Leiv Amundsen gjorde Eitrem i 20- og 30-åra fleire innkjøp. UBs samling tel nå rundt 2300 papyrusar, for det meste fragment med dokumentarisk innhald, men også nokre litterære tekstar (til dømes fragment frå Homers Iliaden og Odysseen). Alle papyrusane er funne i Egypt, og dei fleste er skrevne på gresk, som var administrasjonsspråket i Egypt. Les meir om papyrussamlinga.

Papyrusar på nett

UBs digitaliseringsprosjekt tar sikte på å leggje våre papyrusar på nett. I basen OPES, Oslo Papyri Electronic System, finst høgoppløyselege bilde og ein omtale av papyrusane. Prosjektet samarbeider med det amerikanske APIS, der papyrussamlingane ved ei rekkje amerikanske og etter kvart nokre europeiske universitet er representerte. Prosjektet bidreg og til den internasjonale tekstbasen www.papyri.info.

Publisert 29. mai 2015 12:11 - Sist endra 5. juni 2015 10:34