Vitskapelege opne tidsskrifter ved UiO

UiO er blant dei fremste institusjonane i Noreg når det gjeld publisering i opne tidsskrift, men visste du at UiO og har ei eiga teneste for tidsskriftpublisering?

Skjermdump fra FRITT

UiO er blant dei fremste institusjonane i Noreg når det gjeld publisering i opne tidsskrift, men visste du at UiO og har ei eiga teneste for tidsskriftpublisering? Den heiter FRITT og per i dag vert tretten tidsskrifttitlar publisert via tenesta. Tidsskrifta representerer dei fleste av fakulteta ved UiO, men hovudtyngda er frå Det humanistiske fakultet, som har sju titlar.

Redaktør Brita Brenna frå tidsskriftet Nordisk Museologi, arbeider med å flytta tidsskriftet til FRITT plattforma. Ho kan bekrefta at dei har valt å gå til FRITT fordi dei ynskjer å nå så breitt ut som mogeleg, utan å vera knytt til eit kommersielt forlag. "I framtida krev dessutan ekstern finansiør (Nordisk samarbeidsnemnd for humanistisk og samfunnsvitenskapelig forskning) at tidsskrift skal vere online, og har også varsla at opne tidsskrift skal prioriterast ved framtidig fordeling av midlar. Ved å bruke FRITT tilpassar vi oss desse krava".


Er du interessert i tenesta? Sjekk i så fall kriteria for bruk:
    •    FRITT tidsskrift skal være opent tilgjengelege
    •    Dei skal ha rutinar for fagfellevurdering og skal tilfredsstilla krav til eit nivå 1-tidsskrift i DBH
    •    Tidsskrift skal ha tilknyting til UiO
    •    Se full liste her.

 

Publisert 26. okt. 2016 10:36 - Sist endret 26. okt. 2016 13:49