Pensumbøker under juletreet

Jula kom tidleg til Medisinsk bibliotek i år, og studentane kan glede seg over at vi har kjøpt inn mange nye pensumbøker og anbefalt litteratur.

God jul frå Medisinsk bibliotek! Foto: Else Dagfrid Bratland/UiO.

Vi ville at studentane skulle få noko av det dei alltid ynskjer seg meir av, nemleg anbefalt litteratur. Så vi tok ein titt på statistikken over dei mest lånte bøkene, og kjøpt inn fleire eksemplarer av dei.

Dette håpar vi kan vere til nytte og glede for studentane.

Er du på utkikk etter ei spesiell bok, kan du søke den opp i Oria,
eller gå til vår oversikt over anbefalt litteratur.

 

Med ynskje om god eksamenslesing og ei god jul!

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 6. des. 2016 10:49 - Sist endret 8. des. 2016 13:29