Forsiden UiO Universitetsbiblioteket
print logo

Studentane vil ha lengre opningstider, fleire leseplassar, grupperom og pensumbøker

Vi planlegg ominnreiing i Medisinsk bibliotek og har spurt studentane ved Medisinsk fakultet kva dei ynskjer seg. Nesten 300 studentar har svart på spørjeundersøkinga "Kva vil du at biblioteket skal vere?".

Bilde

Nøygde med biblioteket
Studentane er nøygde med biblioteket, men dei har og kome med mange nyttige tilbakemeldingar på kva dei ynskjer seg meir av.

Hysj!
Studentane synes det er for mykje støy på biblioteket, og dei ynskjer seg meir avklara grenser mellom "stillesoner" og "bråkesoner". 

Pensumbøker
Det er behov for for fleire eksemplarer av pensumbøker og bøker som er mykje brukt. Mange uttrykker og behov for fleire og betre utvalg i anatomiske modellar som hjarte, hjerne og kranier.

Leseplassar og atter leseplassar
Studentane seier og at dei ynskjer seg fleire leseplassar og grupperom. Mange ynskjer seg og fleire PC-ar og skriverar.

Lengre opningstider
Lengre opningstider står og på ynskjelista. Særleg er det mange som ynskjer at biblioteket skal opne tidlegare, og halde lengre opent på kvardagane.

Mjuke sitteplassar
Mange etterspør sofa eller mjuke stolar å sitte i, for å slappe av, lese eit tidsskrift eller ei bok.

 

Vi vil så langt det er mogleg forsøke å etterkoma studentanes behov - og er godt i gang:

  • Lengre opningstider - frå 2. januar opnar vi dørene kl 8.00 på kvardagane
  • Gratis øyreproppar til dei som vil ha mindre lyd
  • Fleire eksemplarer av pensumbøker er bestilt
  • Fleire anatomiske modellar er bestilt

 

Fylgj medbiblioteket sine nettsider og på Facebook for fleire nyheiter frå oss!

 

Publisert 30. nov. 2012 16:00 - Sist endret 14. des. 2012 13:39