Brannvern

Målsetjinga for brannvern ved UiO er at det ikkje skal oppstå personskadar eller gå tapt store materielle verdiar på grunn av brannar. På denne sida finn du informasjon om brannvern og etasjekontaktar Universitetsbiblioteket.

Nødnummer

  • Brann: 110
  • Politi: 112
  • Ambulanse: 113
  • Vakt- og alarmsentralen og 22 85 66 66
  • Ring nødetatane først, så vakt- og alarmsentralen

Etasjekontaktar

Her finn du etasjekontaktar for biblioteka i dei ulike bygga.

Brannvern ved UiO

Sentral informasjon om brannvern ved UiO.     

Ved brann eller brannalarm

  • Evakuer gjennom tilgjengelege utgangar, ikkje bruk heis.
  • Den som sit på vakt skal ta på seg brannvest, ligger i skranken. Prøv å spre brukarane til dei ulike utgangane / trappene.
  • Etasjekontakten har saman med den som sit i skranken ansvar for å varsle brukarane.
  • Ein skal ikkje utsetje seg sjølv for fare, men bruke sunn fornuft.
  • Prøv å hjelpe personer som treng assistanse ut. Om dette er vanskeleg, gi beskjed til Teknisk / Vaktsentralen / Brannvesenet.

Brann- og evakueringsplan for UB i Georg Sverdrups hus