print logo
English version of this page

Realfagsbiblioteket. Naturhistorisk museum

I samband med at Geologisk museum vart stengt for publikum 1. juni 2015, vart det òg stengt på biblioteket. Tilsette har adgang med nøkkelkort, medan andre må henvenda seg i butikken om dei ønskjer å bruka biblioteket.

Samlingar

Biblioteket inneheld samlingar innan botanikk, zoologi, geologi og paleontologi.

Leseplassar

Biblioteket har 16 leseplassar. Ved ein av plassane er det stasjonær PC for oppkopling til universitetet sitt datanett. Biblioteket har trådlaust nett.

Utskrift, kopiering og skanning

Tilsette og studentar kan ta utskrifter, skanna og kopiera dokument.