English version of this page

Universitetsbiblioteket si personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel om korleis Universitetsbiblioteket i Oslo samlar inn og brukar personopplysninger. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1.ledd).

DUO Vitenarkiv

Denne personvernerklæringen forteller om hvordan UiO samler inn og bruker personopplysninger i DUO vitenarkiv. Erklæringen inneholder opplysninger du har krav på når det samles inn opplysninger (personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om hvordan vi behandler personopplysninger (personopplysningsloven § 18 1.ledd) knyttet til at du arkiverer dokumenter i DUO vitenarkiv eller besøker DUO.

Om DUO vitenarkiv

DUO vitenarkiv er ope tilgjengeleg på internett. DUO omfattar i dag student- og masteroppgåver, i tillegg vitskapelege publikasjonar som doktoravhandlingar og artiklar. DUO er basert på open source-plattforma Dspace.

Føremålet med behandlingaa

I DUO blir det lagra student- og masteroppgåver, doktorgradsavhandlingar og vitskaplege publiseringar frå UiO. I samband med dette tek DUO Vitenarkiv imot persondata frå Felles Studentsystem (FS) og det nasjonale forskingsinformasjonssystemet CRIStin.

For student- og masteroppgåver leverte via StudentWeb blir desse persondata lagra:

  • Førnamn  
  • Etternamn
  • Studentnummer
  • UiO-brukarnamn
  • Adresse
  • Epost
  • Telefonnummer

Desse blir lagra for ei entydig identifisering av studentar i samband med:

  • Innlevering av oppgåve via StudentWeb/FS
  • Framtidig deponering av oppgåver til Riksarkivet
  • For å kunne kontakte studenten i forbindelse med endringar i DUO i ettertid
  • Søk i DUO. Det er berre forfatternamn som er synlege for ålmenta i samband med søk.

For vitskapelege arbeid som er leverte via CRIStin blir desse persondata lagra:

  • Førnamn
  • Etternamn
  • ID-nummeret på forfattaren (generert av CRIStin)
  • Tilhøyrsel (institusjon + eining)

Desse blir lagra for entydig identifisering av tilsatte i samband med:

  • Innlevering via CRIStin
  • For å kunne kontakte forfattaren ved endringar i DUO i ettertid
  • Søk i DUO. Det er berre forfatternamn som er synlege for ålmenta i samband med søk.

For arbeid som er registrerte manuelt i DUO:

  • Berre namn blir registrerte.

Besøksstatistikk

Ulike handlingar (søk, val av fasett, søkjefunksjon osv.) blir aggregerte og registrerte for å kunne nyttast i statistikk, men på ein slik måte at ingen data kan sporast tilbake til kvar einskild brukar.

Utveksling med tredjepart

DUO blir hausta av tredjeparts system som til dømes Google og UB si søkjeteneste Oria. Av personopplysningar er det berre forfattarnamn som blir delte.

Tryggleikstiltak

Pålogging og autentisering

Berre systemadministratorar treng innlogging i DUO. Administratorar blir autentiserte anten via LDAP eller lokale brukarar.

Korleis sikrar vi opplysningane

All datatrafikk inn og ut av DUO nyttar kryptering over HTTPS. Brukarinformasjon for administratorar blir lagra i ein lukkea database internt i applikasjonen.

Oria

Denne personvernerklæringa fortel om korleis UiO samlar inn og brukar personopplysningar i Oria. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd) når du nyttar søkjetenesta Oria.

Personverneklæring for oria.no 

BrowZine

Universitetsbiblioteket gjer BrowZine tilgjengeleg for studentar og tilsette ved UiO. Det er frivillig å bruke BrowZine. Universitetsbiblioteket samlar ikkje inn personopplysningar om deg når du brukar denne tenesta. Informasjonen du oppgir til BrowZine blir lagra på serverar i USA. Vi gjer deg merksam på at ved å bruke tenesta godkjenner du personvernerklæringa til BrowZine.

Perma.cc

Universitetsbiblioteket gjer Perma.cc tilgjengeleg for studentar og tilsette ved UiO. Det er frivillig å bruke Perma.cc. Universitetsbiblioteket samlar ikkje inn personopplysningar om deg når du brukar denne tenesta. Vi gjer deg merksam på at ved å bruke tenesta godkjenner du personvernerklæringa til Perma.cc. Ver merksam på at når du lagrar lenkja på organisasjonskontoen vår, kan alle som er ein del av den same organisasjonen, sjå kven som lagrar kva for lenkjer.

Mailchimp

Universitetsbiblioteket gjer Mailchimp tilgjengeleg for studentar og tilsette ved UiO. Det er frivillig å bruke Mailchimp. Universitetsbiblioteket samlar ikkje inn personopplysningar om deg når du brukar denne tenesta. Informasjonen du oppgir til Mailchimp blir lagra på serverar i USA. Vi gjer deg merksam på at ved å bruke tenesta godkjenner du personvernerklæringa til Mailchimp. Du kan kva tid som helst melde deg av UBs nyhendebrev og ut av tenesta Mailchimp.

SimplyBookMe

Universitetsbiblioteket gjer SimplyBookMe tilgjengeleg for studentar og tilsette ved UiO. Det er frivillig å bruke SimplyBookMe. Universitetsbiblioteket samlar ikkje inn personopplysningar om deg når du brukar denne tenesta. Informasjonen du oppgir til SimplyBookMe blir lagra på serverar i USA. Vi gjer deg merksam på at ved å bruke tenesta godkjenner du personvernerklæringa til SimplyBookMe.
 

Rettane dine

Rettane dine når det gjeld innsyn, retting, sletting samt kontaktpunkter for dette, er skildra i UiO si personvernerklæring.

Hansamingssansvarleg

Ved UiO er det i samsvar med føresegna i personopplysningslova § 2 nr. 4 universitetsdirektøren som har det overordna ansvaret for all handsaming av personopplysningar (sjå personvernerklæring for Universitetet i Oslo).

Endringar i personvernerklæringa

Universitetsbiblioteket i Oslo krev retten til når som helst å endre personvernerklæringa. Ei slik endring gjeld frå det tidspunktet ei oppdatert personvernerklæring blir publisert på denne nettstaden.

Publisert 12. nov. 2015 10:17 - Sist endra 12. juni 2018 13:20