Prosjekt ved UB

Mapping mot norsk WebDewey

Dette toårige prosjektet starta opp i 2015 med støtte frå Nasjonalbiblioteket (NB). Føremålet er å mappe vokabulara Humord og Realfagstermer mot Norsk WebDewey. Mappinga skal utførast som ein datastøtta intellektuell aktivitet, og det skal nyttast eit mappingverktøy som blir utvikla som ein del av prosjektet.

Visual Navigation Project

Vårt mål med dette prosjektet er gjere søkjefunksjonen betre og å utvide opplevinga av tilgjengeleg digital kunnskap, ved å nytte tilgjengeleg teknologi, kopla data, API og navigering ved hjelp av norsk fagterminologi.

Ombyggingsprosjekt i Georg Sverdrups hus

I 2015 søkte vi om midlar for å byggje om 1. etasje og underetasjen i HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus, i samband med Læringsmiljøåret 2016. 1. juni 2016 startar vi første etappe, med ombygging av 1. etasje. Dette kjem til å gi eit løft for læringsmiljøet i GSH!

Scriptoteket

Scriptoteket starta våren 2013 som ein uformell arbeidsgruppe for å samle folk som er interesserte i å gjere bibliotekskvardagen på UB litt trivelegare ved hjelp av scripting og automatisering, med Realfagsbiblioteket som primus motor. Etter kvart har ulike utviklingsprosjekt falle naturleg inn under Scriptotek-paraplyen.

Registreringsprosjektet

Prosjektet har som mål å få registrert alle dei eldste bøkene i magasinet til Rettshistorisk samling ved Juridisk bibliotek.

Opne bibliotek?

Dei siste tiåra har det skjedd store endringar i biblioteka som kan forståast som å gå i retning av ulike former for «openheit». Med støtte frå Nasjonalbiblioteket, tek dette forskingsprosjektet openheit som utgangspunkt for å studere forholdet mellom ideal og praksis i skandinaviske universitets- og nasjonalbibliotek.

Kunstig intelligens i biblioteket

Prosjektet har som føremål å gi nokon svar på korleis ein kan bruke kunstig intelligens (Artifical Intelligence) i biblioteket.

Fagbibliotek og systematiske oversikter

Prosjektet har som mål å opparbeide eit kunnskapsgrunnlag når med omsyn til administrative, organisatoriske, metodologiske og tekniske oppgåver knytte til systematiske litteraturoversikter. Prosjektet skal dermed medverke til å utvikle nye tenester innan forskingsstøtte.