Serviceerklæring

Serviceerklæringa viser deg kva UB forpliktar seg til å gjere og kva vi ventar frå deg.

Hovudoppgåva til biblioteket er å støtte universitetet sitt føremål innan forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Vi er eit offentleg bibliotek og ope for alle. Primærbrukarane våre er studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus, men vi er òg ein ressurs for brukarar utanfor universitetet.

Universitetsbiblioteket deltek i forpliktande samarbeid med andre norske og utanlandske bibliotek for å sikre primærbrukarane våre tilgang til materiale som ikkje finst i eigne samlingar.


Vi tilbyr deg

  • informasjonstenester og samlingar av høg kvalitet
  • enkel og effektiv tilgang til elektroniske ressursar
  • rettleiing i bruk av biblioteket og hjelp til å søkje i dei faglege ressursane våre
  • eit godt og inspirerande studie- og forskingsmiljø

Vi forventer av deg

  • at du følgjer lånereglane
  • at du set deg inn i biblioteket sin informasjon til brukarane
  • at du sjølv prøver å søkje etter bøker og tidsskrift og finne frem til det som står i opne hyller.                                                 

Universitetsbiblioteket sin brukerpolitikk vedteken av Bibliotekdirektøren 02.11.2010

 

Publisert 20. des. 2012 10:29 - Sist endret 6. des. 2017 12:41