English version of this page

Godkjenning i Directory of Open Access Journals (DOAJ)

DOAJ er eit online register som indekserar, kvalitetskontrollerar og tilrettelegg for tilgang til fagfellevurderte Open Access-tidsskrift

Kva er DOAJ og kvifor er den viktig?

DOAJ registeret er ein oversikt over seriøse OA-tidsskrift av høg akademisk kvalitet. Målsetjinga for gjennomgangen av heile databasen som vert gjort våren 2015 er ytterlegare kvalitetssikring og å luke ut svindeltidsskrift av ulik art. DBHs register over autoriserte publiseringskanalar nyttar mellom anna DOAJ data for å verifisera Open Access-tidsskrift. DOAJ har nyleg lagt ut meir informasjon for tidsskrift som skal gjennom denne prosessen: Reapplications: are your journals ready? Are you ready?

Prosess for godkjenning av tidsskrift

Me har valt ut nokre spørsmål frå det nye søknadsskjemaet som anten er relatert til OJS (plattforma til FRITT) eller andre ting UB kan gje råd om.

Utvalde spørsmål

8. Platform, Host or Aggregator. Svar: OJS

23. What digital archiving policy does the journal use?  Svar: No policy in place

Dette handlar om langtidslagring/arkivering av eit tidsskrift. Me skal vurdera mogelege løysingar for dette på nyåret. Nasjonalbiblioteket, CLOCKSS eller Portico ser ut som mogelege alternativ.

25. Does the journal allow anyone to crawl the full-text of the journal? Svar: Yes

26. Which article identifiers does the journal use? Svar: DOI

Alle tidsskrifta har stadfesta at dei ynskjer dette - for tidsskrift som ikkje er komne i gang med DOI ennå føreslår me å vente til DOI er tatt i bruk.

27. Does the journal provide, or intend to provide, article level metadata to DOAJ? Svar: Yes

Dette vart gjort tidlegare, og me planlegg å dra dette i gang igjen på nyåret. Levering av artikkeldata er viktig fordi mange søketenester bruker DOAJ som kjelde. Mellom anna er DOAJ data søkbare i UB sitt nye søkeverktøy ORIA.

31. Please indicate which formats of full text are available. Svar: pdf

For FRITT er det kun pdf som gjeld per i dag. Me skal vurdera om me skal tilretteleggja for støtte til fleire format i 2015.

43. Does the journal embed or display simple machine-readable CC licensing information in its articles? – I teorien ja, dette skal me undersøkje grundigare i 2015.

49. With which deposit policy directory does the journal have a registered deposit policy? Svaret her avheng av tidsskriftstatus.

Til orientering - i denne lista er kun Sherpa/Romeo relevant for norske tidsskrift. Dette punktet handlar om forfattar sin rett til å eigenarkivere kopiar av publiserte artiklar i til dømes DUO.

 

Lurer du på noe?

Send gjerne epost til: fritt-info@journals.uio.no

Publisert 26. jan. 2015 10:57 - Sist endra 24. apr. 2017 14:32