English version of this page

Kom i gang med Zotero

Bilete av bøker

Photo: Brian Sikorski@Flikr (CC BY-NC-ND 2.0)

Zotero er eit referansehandteringsverktøy som hjelper deg å samle, halde oversikt over og bruke referansane dine. Zotero samhandlar med Word, OpenOffice og LibreOffice, og kan enkelt nyttast med LaTeX.

Installer Zotero

Zotero er gratis og kan lastast ned av alle. Det finst både i nettversjon og skrivebordsversjon. Zotero er laga for å kunne brukast med Firefox, men støtter også andre nettlesarar.

Finne referansar

Med Zotero kan du enkelt importere alle referansane du kjem over ved å trykke på eit ikon i adressefeltet i nettlesaren. Då vert referansen importert til biblioteket ditt i Zotero. Du kan også søke opp bøker i katalogen til universitetet og importere dei til biblioteket ditt.

Organisere referansar

Så fort referansane er i biblioteket ditt kan du sortere dei i ulike samlingar. Du kan også leggje til notat til referansen eller leggje på emneord. I tillegg kan du lage grupper der du kan dele referansebibliotek med andre.

Bruke referansar

Du kan bruke referansane dine på fleire måtar. Ved å bruke funksjonen cite får du ut ei ferdig referanse, formatert i den stilen du ynskjer. Det er også enkelt å bruke Zotero når du skriv i Word/OpenOffice/LibreOffice eller LaTeX og BibLaTeX.

Zotero på nett

Du finn webversjonen av Zotero, programvare for installasjon og mykje meir dokumentasjon på zotero.org

Zotero-guide

Vil du ha ein meir utfyllande guide til Zotero? Prøv denne frå Sebastian Karcher and Rintze M. Zelle.