Organisere referansar

Zotero gjer det enkelt å organisere referansane.

Det finst (minst) tre måtar å få tilgang til referansane dine på:

1. Dersom du bruker Firefox kan du klikke på Zotero-ikonet (eller trykke ctrl+shift+z) for å få opp biblioteket ditt på skjermen. Er skrivebordsversjonen installert og programmet ope får du opp skrivebordsversjonen, elles vil du få opp eit zotero-biblioteksfelt som dekker ca den nederste fjerdedelen av skjerme.

2 Har du installert skrivebordsversjonen kan du sjølvsagt opne denne.

3. Elles kan du gå til zotero.org og logge inn for å få tilgang til biblioteket, ved å logge inn og så velje My library (fint dersom du er på ein datamaskin der du ikkje kan installere skrivebordsversjonen).

Biletet viser ein skjermdump frå zotero med piler som peiker til dei ulike funksjonane nemnt elles i teksten
Skjermdump frå Zotero (GNU Affero GPL)

Når du først har opna biblioteket ditt kan du organisere referansane dine i samlingar. Du oppretter ei samling ved å klikke på mappeikonet, og du kan så dra artiklane inn i mappa. I zotero kan ein artikkel tilhøyre meir enn ei samling. Samlingsfunksjonen gjer at du kan sortere referansar som handler om ulike ting kvar for seg. Du kan også lage undersamlingar til ei samling

Zotero importerer nøkkelord med artiklane. I tillegg kan du leggje på dine eigne nøkkelord for betre å organisere samlinga. Du kan dessutan setje opp eit smart søk som automatisk legger til referanser du har funne som har eit gitt nøkkelord i ei gitt samling.

Dersom du har artiklane dine i digitale kopiar kan du leggje dei til referansen som vedlegg. Zotero har ikkje støtte for å notere i pdf-ar, men dersom du har tilgang til eit program som gjer det er det ingenting i vegen for å notere i det andre programmet og så laste pdf-en opp som vedlegg til referansen.

På same måte som du kan opprette samlingar kan du også opprette grupper. Ei gruppe består av ein eller fleire Zotero-brukarar som deler på eit bibliotek. Du kan opprette ei gruppe for deg og labpartnaren, kollokviegruppa eller heile kullet, det er opp til deg.

Publisert 28. jan. 2016 12:27 - Sist endra 28. jan. 2016 12:33