The Handmaid's tale, Margaret Atwood

Margaret Atwood (1939- ) er ein kanadisk forfattar og poet. Av hennar mange bøker og diktsamlingar er berre The Handmaid’s Tale og Oryx and Crake-serien innan science fiction. 

The Handmaid’s Tale er sett i USA kort tid i framtida. Konservative kristne har tatt statskupp og styrer ifølgje Bibelen, mellom anna ved å ta frå kvinner alle rettar. Forteljaren i boka er ein «handmaid» som må ha sex med mannen i huset og bli gravid av di kona ikkje er fruktbar, men ho blir etter kvart del i både hemmelege seksuelle forhold og motstandsrørsla. Gjennom hennar blikk får vi sjå livet i den nye verkelegheita, dei komplekse relasjonane mellom kvinner av same og ulik rang og vegen frå tida som vi kjenner den. Både språk og handling kritiserer kristen og feministisk ekstremisme.

Vi får aldri vite det ekte namnet til forteljaren i boka, ho er berre Offred, etter mannen i huset. Det er typisk for dystopien som sjanger at styresmaktene er ute etter å fjerne mangfald og fokus på individet. Tenk berre på 1984, der du ikkje eingong kan tenke annleis enn Partiet har bestemt. The Handmaid’s Tale er med sitt feministiske fokus, sin ikkje heilt pålitelege forteljar og måten ein ikkje kan skilje stil frå substans ei vidareføring og omarbeiding av dei dystopiske klassikarane We, 1984 og Brave New World.

Boka kom ut i 1985, men for dei som følgjer med på kvinnerettar og den politiske utviklinga i USA er den stadig meir relevant. Følg òg serien på HBO Nordic. 

Bøker av Margaret Atwood i Realfagsbiblioteket

Av Tone Rossow
Publisert 25. jan. 2018 11:49 - Sist endret 3. sep. 2020 10:48