Filming og fotografering i biblioteket i Georg Sverdrups hus

Reglar for fotografering og filming inne i biblioteket i Georg Sverdrups hus. 

UiO skil mellom filming i samband med nyheitsformidling og andre produksjonar.

Nyheiter

Kontakt UiOs pressevakttelefon 930 77 006 (talemeldingar, ikkje SMS).
UiOs pressevakt vil då følgja journalistar og kamerateam rundt i UiOs bygg utan at det er søkt om løyve til filming på førehand.

Andre filmproduksjonar

Filming i biblioteket krev godkjenning frå Anne-Gry Skonnord eller Cecilia Ekström

  • Det skal i utgangspunktet søkast minst ei veke i førevegen.
  • Filming skal ikkje forstyrre tilsette eller brukarar.
  • Samtykke skal hentast frå avbilda personar.  

Foto

Det er lov å ta stillbilete inne i biblioteket så lenge det ikkje forstyrrar tilsette eller brukarar. Personar som blir tekne bilete av skal samtykkje til dette.

Les meir om filming og fotografering på UiO.

Publisert 10. jan. 2019 10:38 - Sist endra 23. juli 2020 10:29