Biblioteket har spesialrom som dekkjer ei rekkje behov og tenester.
Leserom for eldre materiale
Delar av samlinga vår kan ikkje lånast ut frå biblioteket. Noko av dette lyt lesast i eit eige leserom for eldre materiale. Leserommet ligg i 1. etasje.
Multimediarom
Multimediarommet ligg i 1. etasje. Der er det utstyr til å sjå på DVD'ar eller videoteip, lytteutstyr for CD-avspeling, og avspelingsmaskinar for mikrofilm og mikrofiche.
Læringsoasen
Læringsoasen ligg i 2. etasje i biblioteket, og er eit av kursromma våre.