Brian Aldiss (1925–2017)

Brian Aldiss blei fødd i Norfolk i England. Mora var skuffa over å ikkje ha fått ei dotter, og sendte Brian av garde på internatskule. Han fekk reiselysta over seg, og tenestegjorde i Burma under andre verdskrigen. Etter krigen blei han bokseljar, og dei første historiene han gav ut var i tidsskriftet The Bookseller. Han fann raskt science fiction, og har fått ei rekke prisar for det, mellom andre Hugo- og Nebula-prisen og blitt Science Fiction Grandmaster. Han fekk ein O.B.E. av dronninga i 2005.

Science fiction på 50- og 60-talet kom stort sett ut som noveller, og Brian Aldiss var ein meister av denne forma. Han skriv nyskapande og intelligent, til tider vakkert og til tider humoristisk om tema som opptok mange forfattarar på 60-talet og i dag: einsamheit trass i kommunikasjonsteknologi, svolt som følgje av overbefolkning, maskiner som tar plassen til menneska. Filmen A. I. Artificial Intelligence er basert på novella «Super-Toys Last All Summer Long» og boka Frankenstein Unbound er òg filmatisert.

Av dei tidlegere romanane er Greybeard verdt å trekke fram. På grunn av testing av atomvåpen har menneskeslekta blitt steril. Alle personane i boka er gamle, og sjølv om dei leitar etter nytt liv må dei komme til ro med at arten skal komme til ein slutt.

På 80-talet kom Helliconia-trilogien. Aldiss brukte meir enn to år på research for denne verda der årstidene varer i hundrevis av år. Kulturar oppstår og fell før ein sesong er over. Sjølv om stilen har forandra seg etter utviklinga i sjangeren er kjennemerka dei same: ein gjennomgåande sivilisasjons-pessimisme, kritikk mot menneska sin behandling av andre intelligente folk og eit langt frå tilfeldig språk.

Bøker av Brian Aldiss i Realfagsbiblioteket

Av Tone Rossow
Publisert 25. jan. 2018 14:29 - Sist endret 25. jan. 2018 14:57