Asimovs tre lover for robotar

Isaac Asimov (1920-1992) sette fram dei tre robotikklovene i novella «Runaround» i 1942 (du finn den mellom annan i boka I, Robot).

Til forskjell frå andre robotar, har Asimov sine ein «positronisk hjerne», som både kan og krev å bli implementert med dei tre lovene. Namnet kom nok heller frå eit vitskapleg buzz-word enn frå faktisk fysikk: oppdaginga av positronet fekk nobelprisen i 1936. Asimov går faktisk sjeldan inn på korleis robotane fungerer (eller i det heile tatt ser ut), men fokuserer på software: korleis lovene og programmeringa av robotane går gale. Ofte handlar historiene om menneske som må finne ut kvifor ein robot oppfører seg merkeleg, men andre gonger viser dei korleis robotar er betre enn menneske sidan dei er rasjonelle og ufråvikeleg etiske.

Dei tre lovene til Asimov har påverka science fiction-sjangeren umåteleg, og er ofte sett på som den sjølvskrivne måten å handtere robotar i populærkulturen. Dei blir òg diskutert i roboetikklitteraturen, men der finn ein at dei ikkje held. Dei er mellom anna for vage, etablerer robotar som ein slaveklasse under menneska uansett kor medvitne dei blir, og er allereie utdaterte med militære dronar. Asimov sjølv var klar over problemet med at dei var vage, men for han var det eit fortrinn: det var alltid meir å skrive om.

 

  • A robot may not injure a human being or, through inaction, allow a human being to come to harm.
  • A robot must obey orders given it by human beings except where such orders would conflict with the First Law.
  • A robot must protect its own existence as long as such protection does not conflict with the First or Second Law.

Bilde av roboter med Asimovs tre lover skrevet på

 

Av Tone Rossow
Publisert 10. mai 2019 15:05 - Sist endra 10. mai 2019 15:05