Bing og Bringsværd

Jon Bing (1944-2014) og Tor Åge Bringsværd (1939-) har lange og omfangsrike science fiction-karrierar både kvar for seg og saman som duoen Bing & Bringsværd.

Samarbeidet mellom dei starta da studentforeininga Aniara blei stifta i Oslo i 1965, og dei redigerte og skreiv romanar og novellesamlingar saman kvar tysdag på Kampen. Saman innførte dei sjangeren science fiction i Noreg.

Dei er særleg kjende for TV-serien Blindpassasjer frå 1978 (sjå den på tv.nrk.no), eit mordmysterium om bord på eit romskip. Ein biologisk robot har drepe ein av mannskapet på fem, og dei må finne ut kven av dei det var før dei òg blir drepne. Sjekk òg ut Nazar- og Fabelprosa-seriane, der dei har samla science fiction frå store forfattarar og eigne verk.

Bing og Bringsværd skreiv bøker kvar for seg òg. I Krøniken om stjerneskipet Alexandria av Jon Bing seglar bibliotekarar mellom koloniserte planetar og løyser konfliktar ved hjelp av kunnskap, ikkje makt. Romanserien Gobi av Tor Åge Bringsværd blandar fantasi, filosofi og Asia i mellomalderen. 

Bøker av Jon Bing i Realfagsbiblioteket

Bøker av Tor Åge Bringsværd i Realfagsbiblioteket

Av Tone Rossow
Publisert 25. jan. 2018 12:24 - Sist endret 25. jan. 2018 15:04