James Tiptree jr. (1915-1987)

Feminisme, identitet, økologi, sex og daud. 

Alice Bradley Sheldon (1915-1987) var fødd i Chicago og reiste mykje med foreldra som barn, mellom anna til sentral-Afrika. Ho blei major i det amerikanske luftforsvaret under den andre verdskrigen og var tilsett i CIA nokre år. Etter at ho fekk ein doktorgrad i eksperimentell psykologi ville ho gi ut science fiction-historier, men ville ikkje øydelegge den akademiske karrieren sin. Ho valde namnet Tiptree etter eit marmelademerke, og eit mannleg fornamn, som ho tenkte ville gi henne betre innpass i sjangeren. Fans avslørte identiteten hennar i 1977, og det gjekk sjokkbølger gjennom sci-fi-miljøet at denne forfattaren var ei kvinne.

Nokre tema går igjen i alt Tiptree skreiv: feminisme, identitet, økologi, sex og daud. Ein kjem sjeldan utan ein annan, det er ikkje nyting utan daud, aldri feminisme utan vald. Det er ein sjeldan historie som ikkje inneheld daud på eit eller anna vis, om det er fysisk eller spirituell, individuell eller heile rasar eller kjønn.

Under eit anna pseudonym, Raccoona Sheldon, gav ho ut novella «The Screwfly Solution» i 1977. Etter inspirasjon frå Sterile Insect Technique, der sterile hanninsekt blir sette ut i naturen for å utslette arten, har aliens påverka menn til å tru at dei klarer seg utan kvinner, og nå tar mennene livet av dei på kultisk vis. Treng du noko å lese etter The Handmaid’s Tale? Du finn denne i boka Out of the Everywhere and Other Extraordinary Visions.

«The Women Men Don’t See» frå 1973 er fortald av ein av dei mannlege karakterane. Han ser ikkje kvinnene i historia som mykje anna enn erotiske objekt, så når dei tar eit val med det utanomjordiske reisefølget som dukkar opp ved flyvraket deira forstår han ingenting. Dette er eit genialt stykke feministisk science fiction som du kan lese i Warm Worlds and Otherwise.

Bøker av Tiptree i Realfagsbiblioteket

Av Tone Rossow
Publisert 25. jan. 2018 14:23 - Sist endret 25. jan. 2018 14:59