Ursula K. Le Guin (1929 – 2018)

Ursula Le Guin gav ut 21 romanar, 11 novellesamlingar, fleire essaysamlingar, barnebøker, diktsamlingar og omsetjingar og vann tallause prisar. Ho døydde 22. januar 2018 i Portland, Oregon. 

Hovudpersonane i bøkene til Le Guin finn seg ofte i ein samfunn der dei ikkje høyrer heime, og må lære reglane og korleis ting heng saman. Ho viser ein påverknad frå taoisme – motstridande krefter som lys og mørke, språk og stille og vinter og sommar dannar saman balanse og skapar meining frå kvarandre. Sjølv om protagonistane ofte er menn skin feminismen alltid gjennom.

I boka The Left Hand of Darkness finn vi ein planet der alle menneska er kjønnslause, og berre får kjønnskarakteristikkar når dei skal reprodusere. Hovudpersonen er ein mann frå Jorda som møter dei med alle sine fordommar. Som både han og lesaren forstår etter kvart, er det mange.

Hovudpersonen i The Lathe of Heaven kan endre historia gjennom draumane sine. Psykologen hans prøver å få han til å drøyme ein utopi, men draumane er for uføreseielege.

Kvaliteten på litteraturen er alltid høg, og ordvala er aldri tilfeldige. Dette er særleg tydeleg i Earthsea-serien, der ein kan få makt over andre menneske ved å bruke dei «verkelege namna» deira. Serien er skriven for yngre lesarar, men viser aldri teikn til å snakke ned til dei.

Fleire av bøkene hennar finn du i scifi-samlinga i Bjørnehjørnet.

 

Av Tone Rossow
Publisert 25. jan. 2018 11:07 - Sist endret 25. jan. 2018 11:07