Dantes Komedie gjennom hundreåra

Den guddommelege komedien er forteljinga om ei vandring gjennom dødsrika. Dante har gått seg vill i ein mørk skog, og blir berga av sjela til den latinske diktaren Vergil, som tek han med seg gjennom Helvetet og Skiringsheimen. Der tek Beatrice over – henne Dante skreiv sin ungdoms kjærleiksdikt til – og ho fører han gjennom Paradisets ni rørlege himlar opp til det urørlige Empyreum, der dei salige sit som skinnande kronblad i ei enorm rose og kontemplerer Gud. Når Dante til slutt sjølv er i stand til å retta blikket mot Gud, endar diktet.

Komedien blei raskt populær. Det må ha vore stor etterspurnad blant vanlege lesarar, for allereie på 1500-talet byrjar det å kome ut små, relativt rimelege «pocket»-utgåver. Ei forklaring kan vera at Komedien på sett og vis er ei oppbyggeleg bok – Dante er ein kristen poet, og poenget med reisa gjennom dødsrika er nett å hjelpa lesaren til å nå frelsa ved å visa fram synda og hennar konsekvensar og å mane til soning og frelse. Dette var ein populær sjanger hos tidlege forleggjararar og bokkjøparar. Men Dantes popularitet varer ved også når religion blir mindre viktig i bokmarknaden. Den enkle forklaringa er Dantes kvalitet som diktar. På truverdig vis greier han å gjennomføra det ekstremt ambisiøse prosjektet, det store diktet om livet, universet og alt. Alle elementa fell på plass, frå den overordna struktureringa av dei 100 songane til kvaliteten på dei enkelte versa. Men det som fascinerer mest er likevel møta mellom Dante og dei daude sjelene. Dante auser av sin store lærdom og sine eigne erfaringar, og blandar forteljingar frå klassikarar og bibelhistoria med sladder frå sitt eige miljø og sin eigen samtid. Han meislar ut skarpskorne personlegomar på få liner, og gjer slik dødsrika sine levande.

I Italia blir Dante òg viktig som grunnleggar av det italienske skriftspråket. Slik blir han viktig i skipinga av ei italiensk nasjonalkjensle på 1800-talet. Samstundes blir han ein europeisk klassikar. Den europeiske middelklassen som legg ut på sine danningsreiser frå slutten av 1700-talet av lærer seg gjerne italiensk – noko som skapar ein marknad for italienskspråklege utgåver i andre land, til dømes eksemplaret her trykt i Paris i 1846.

 

 

Deler av utstillingen

Introduksjon

Glassmonter 1: Dantes Komedie gjennom hundreåra

Glassmonter 2: Den guddommelege poeten

Glassmonter 3: Omsetjingar

 

 

 

Ressurser