Boksøk i peisestua - drop in

Skriv du oppgåve? For å få god karakter treng du dei beste kjeldene. Boksøk i peisestua er eit drop-in tilbod der vi hjelper deg å finne ekstralitteratur til oppgåva, og gir deg gode råd om korleis du kan søke vidare. 

Dame foran peis. Peis med brennende vedkubber, kopp med kakao. Marshmallows i en bolle.
Foto: canva.com

Vi gjer om Scene HumSam til ei koseleg peisestue, og serverer kakao og marshmallows. Det vil vera flust av bibliotekarar til stades som kan svara på alt du måtta ha av spørsmål om boksøk til oppgåva di! 

Peisestua er open frå 11 til 14. Inga påmelding, berre kom innom for ein hyggeleg prat! 

PS. Ta gjerne med eigen laptop! 

Arrangør

HumSam-biblioteket
Publisert 22. okt. 2019 12:31 - Sist endra 1. nov. 2019 10:51