Det skeive blikket

Stemmer det at verda ser annleis ut for folk som er skeive? Korleis kan historier om skeive personar bidra til å skildre samtida vår og løfte fram nye perspektiv på tida vi lever i? Forfattarane Åsmund H. Eikenes og Bjørn Hatterud tar ein prat om dette og mykje anna på Scene HumSam.

Begge foto: Tove Breistein

Med utgangspunkt i dei nye bøkene "Håkon" og "Mot normalt" tar forfattarane Åsmund H. Eikenes og Bjørn Hatterud ein prat om verdien av å sjå seg sjølv i litteraturen, om (mangel på) rollemodellar for korleis vere annleis, og om kva det vil seie å vere mann i Noreg i dag.

Om forfattarane

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) er frå fruktbygda Leikanger i Sogn. Han har ein doktorgrad i cellebiologi og har tidlegare gitt ut sakprosabøkene "Handboka" og "Sprut". Våren 2019 debuterte han med romanen "Håkon"

Bjørn Hatterud (f.1977) er frå ei bygd utanføre Brumunddal. Han har studert kulturhistorie og har skrive om samtidskunst, outsidere og avvikere i ei rekke avis og tidsskrift. Hausten 2018 debuterte han med den sjølvbiografiske boka ”Mot normalt”.

Enkel servering. Velkomen!

Arrangør

HumSam-biblioteket
Publisert 20. mai 2019 15:28 - Sist endret 20. mai 2019 15:28