Bokprat : Stress og korleis leve med det

Kva er det som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente? Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Bokomslag. Samlaget. 

Velkomen til bokprat

Kvifor er vi så stressa, og kva kan vi gjere med det? Møt Anne Gunn Halvorsen, forfattar av boka Stress og korleis leve med det, i samtale med bibliotekar Ove Sundby.

Kaffi, te og snaks

Vi serverer kaffi, te og snaks.

Om boka

Anne Gunn Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i [omtale frå forlaget].

Bilde av  Anne Gunn Halvorsen
Anne Gunn Halvorsen. Foto: Pernille Walvik.

Om forfattaren

Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland, men bur no i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i 15 år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv.

Bokåret 2019

"500 år etter den første norske boken ble trykket, inviterer vi til Bokåret 2019 på Deichman. Gjennom hundrevis av arrangementer ønsker vi hele Oslos befolkning velkommen til opplevelser på alle Deichmans 23 bibliotek, med fokus på leselyst og leseglede. Vi skal feire boka – og det finnes minst én til alle!"

Arrangementet er gratis og ope for alle. 

Arrangementet på Facebook

Publisert 21. mai 2019 11:30 - Sist endra 21. mai 2019 14:36