Abels tårn

Er det lønsamt med ein fullstappa fryseboks? Kva blir neste trinn i utviklinga for mennesket? Løner det seg å vere tjukkas eller spjæling når ein skal skli på vannsklie?

Bildet kan inneholde: tekst, font, vis enhet, neon, neon skilt.

Vekas sak

Svigermora til ein av Abels tårn-lyttarane har ein VELDIG fullstappa fryseboks. I den hamstrar ho mat som er på tilbod. Dette er lønsamt, påstår svigermor - frysaren står jo uansett berre der og brukar straum...

Lyttaren kan IKKJE tenkje seg at dette er riktig, men overlèt til Abels tårn å avgjere saka!

Dessutan

Evolusjonen har gjort oss til dei fantastiske skapningane vi er i dag, men kva blir neste trinn i utviklinga? Hadde det vore digg med eit par ekstra armar, eller kva med auge i nakken - eller er det på innsida av oss at utviklinga kjem til å skje? 

Løner det seg å vere tjukkas eller spjæling når ein skal skli på vannsklie? Og: panelet skal snakke om Higgs-bosonet og masselaus materie.

Vekas panel

Paleontolog Lene Liebe Delsett
Lege og forskar Ida Kathrine Gravensteen 
Fysikar Are Raklev

 

Kaffi og baflar serveras frå 09:45.


Motta nyheitsbrev om komande arrangement i Realfagsbiblioteket

Emneord: ekko, abels tårn, vaffel og vitenskap
Publisert 7. mars 2019 14:58 - Sist endra 11. feb. 2020 11:10