Abels tårn

Kva er "Oumuamua" - eit romskip frå eit anna solsystem? Korleis kan ein få til å sove lenger? Er løvetanna smart? 

Vekas sak

Rom-objektet «Oumuamua» er første gong objekt frå eit anna solsystem har blitt observert i vårt solsystem. Men kva var det? Kan det ha vore, som den anerkjende astronomen Abi Loeb hevdar, eit framand romskip forma som eit solsegl? 

Dessutan

Kan Abels tårn hjelpe mannen min, spør ein av Ekkos lyttarar. - Uansett kor stuptrøytt han er så greier han aldri å sove meir enn maks seks timar om natta. Og sånn har han vore i fleire tiår.

Og, nå er den her snart: løvetanna! Og da er det fram med grasklipparen - noko det er liten vits i hevdar ein frustrert lyttar. Han meiner løvetanna bøyer seg ned når grasklipparen kjem for så å reise seg frekt og freidig, like gul, når klippeseansen er over.

Vekas panel

Botanikar Charlotte Sletten Bjorå
Astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen
Lege og søvnforskar Harald Hrubos-Strøm

 

Kaffi og baflar serveras frå 09:45.


Motta nyheitsbrev om komande arrangement i Realfagsbiblioteket

Emneord: ekko, abels tårn, vaffel og vitenskap
Publisert 21. mars 2019 14:43 - Sist endra 21. mars 2019 14:43