Abels tårn

Kan plantar og tre som veks på eit småbruk rettferdiggjere metanutslepp frå mjølkekyra? Kan ei surrogatmor genetisk påverke barnet ho ber fram?

Vekas saker

Ein bonde driv eit småbruk med 20 mjølkekyr og fortel at han har dårleg samvit fordi dyra hans bidreg til klimautslepp. —Kva hender i atmosfæren når metangass slepp ut, spør han, og kan ikkje plantar og tre som veks på småbruket rettferdiggjere drifta?

Eit homofilt par som har vore i USA og fått barn via surrogati lurar på om surrogaten, som altså ikkje er genetisk mor, likevel kan ha påverka barnet genetisk? Surrogaten er atletisk og trener ofte, skriv dei lukkelege foreldra, medan den biologiske faren ikkje er atletisk anlagd i det heile teke! Er det mogeleg at ho som har bore fram barnet i ni månader kan ha "krydra" det med sine fysiske eigenskapar? 

Vekas panel

Forskar på dyrevelferd ved Veterinærinstituttet Kristian Ellingsen-Dalskau
Meteorolog og klimaforskar Maria Sand
Lege Steinar Madsen

 

Kaffi og baflar serveras frå 09:45.


Motta nyheitsbrev om komande arrangement i Realfagsbiblioteket

Emneord: ekko, abels tårn, vaffel og vitenskap
Publisert 2. mai 2019 13:02 - Sist endra 2. mai 2019 13:02