Abels tårn

Denne utgåva av Abels tårn stinkar det av!

Vekas saker

Denne gongen osar Abels tårn av lukt, for ikkje å seie stank! Korfor set fjøslukt og røyk seg i kleda, medan boss- og kloakkstank (heldigvis) ikkje gjer det?

Abels tårn har fått tilsendt ein boks med fem år gamal rakfisk - som sjølvsagd skal opnast på direkten.

Korfor let vi oss irritere? Korfor vil vi oss sjølv så vondt? Og korleis hadde det vore om vi ikkje blei irriterte av nokon ting?

Når ein stor foss som dundrar ned i ein liten dal blir lagt i røyr til eit kraftverk som produserer elektrisk kraft til ein by på andre sida av fjellet: gjer utbygginga av fossen at den vesle dalen blir kaldere?

Vekas panel

Psykolog Yasmin Sofia Iqbal
(Organisk) Kjemikar Alexander H. Sandtorv
Astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen

 

Kaffi og baflar serveras frå 09:45.


Motta nyheitsbrev om komande arrangement i Realfagsbiblioteket

Emneord: ekko, abels tårn, vaffel og vitenskap
Publisert 29. mai 2019 13:44 - Sist endra 29. mai 2019 13:44