Samfunnsgeografi (SGO3090) - Litteratursøk - bachelor
Eit av læringsmåla til SGO3090 er å kunne skrive ei forskningsoppgåve eller ei utgreiing i form av ei bacheloroppgåve basert på sjølvvalde artiklar og bøker. Dette kurset handlar om å velje ut relevante databaser som passar til problemstillinga i den enkelte bacheloroppgåva, for deretter å utføre effektive søk i desse databasene.
Kva lærer du?
Dette kurset lærer deg å velje ut databaser basert på tema, samt effektive søk basert på emneord.
Arbeidsmåtar
Alle skal analysere ei referanseliste innanfor samfunnsgeografifaget og deretter søkje på sjølvvalde tema. Det er fint om kursdeltakarane har prøvd å skrive ned nokre stikkord om:
Tema, Metode, Teori, Forskningsspørsmål, samt ca. 10 engelskspråklege emneord for si bacheloroppgåve
Det vil verte gitt individuell rettleiing.
Målgruppe
Kurset er for studentar på (SGO3090) - Bacheloroppgave.
Kursholder
Fagreferent i samfunnsgeografi Ragnhild Sundsbak og professor Kristian Stokke.