30 år sidan Berlinmurens fall - utstilling

For 30 år sidan var Tyskland sentrum for verdshistoriske hendingar. 9. november 1989 fall Berlinmuren. Tyskland, som politisk hadde vært skild sidan 1945, vart atter sameint, og den kalde krigen gjekk mot slutten.  

Silhouette av Berlin, fjernsynstårn, tekst

9. november 1989 kunngjorde DDRs myndigheter at dei ville gje høve til fri utreise -  med straksverknad. Den følgjande natta vart dei austtyske grenseovergangane storma og opna. Denne fredelege hendinga er gått inn i historiebøkene som «Berlinmurens fall». I løpet av 1990 vart heile muren fjerna, bortsett frå nokre få delar som er blitt freda. 

I utstillinga får du eit kort overblikk over Berlinmurens historie, samt døme på litteratur, film og fotokunst med muren som tema.  

Utstillinga står frå 8. til 28. november 2019. 

 

Arrangør

HumSam-biblioteket
Publisert 8. nov. 2019 09:14 - Sist endra 28. nov. 2019 14:15