Fly me to the moon - Utstilling
20. juli 2019 er det 50 år sidan Apollo 11 landa på månen; eit av dei store augneblinkane i verdshistoria. Vi markerer dette med ei utstilling i biblioteket. Velkomen!

Om utstillinga
Månen har alltid vore gjenstand for menneskeleg nysgjerrigheit og interesse gjennom mytologi, kunst, litteratur og vitskap. Vi markerer jubileet for månelandinga med ei utstilling der vi presenterer månen i mange formar; både vitskapeleg og kunstnarleg.
Frå Galileos teikningar frå 1600-tallet og den franske encyclopédien sitt oppslag om astronomiske instrumentar, til Sylvia Plaths dikt og Tintins måne-eventyr: Velkomen til ei variert og vakker bokreise til månen!
Utstillinga står oppe sommaren 2019.
Arrangør
HumSam-biblioteket
Publisert 2. juli 2019 13:33
- Sist endra 5. juli 2019 14:42