The Guild Open Science Working Group

Universitetet i Oslo er medlem av The Guild. The Guild-samarbeidet er sett saman av 19 andre forskingsintensive universitet, som liknar UiO i volum og profil, frå 14 europeiske land. Rektor Svein Stølen er styremedlem. The Guild har kontor i Brussel for å kunne jobbe nært avgjerdsprosessar i EU.

illustrasjon, åpen forskning
Foto: Hanne Graver Møvig

I vår avgjorde The Guild å opprette arbeidsgruppa Open Science Working Group (OSWG) som saman skal jobbe strategisk med open forsking. Medlemene skal også følgje implementeringa av (alle) aspekt av open forsking ved institusjonen sin, og i eige heimland. Rektoratet har utnemnt UB, ved bibliotekdirektøren, til å representere UiO i OSWG.

Open forsking - eit rørleg mål?

Det første møtet i OSWG blei halde i Brussel i mars 2019. På agendaen var innspel frå gruppa til rettleiar for Plan S. Saman med andre bidrag frå The Guild resulterte dette i eit posisjonsnotat som vart lagt fram for EU-kommisjonen. 

Gruppa var samstemd i kva vi bør prioritere av tematiske område framover:

  • Forskingsdata
  • Open publisering
  • Godtgjersle og incentiv (I nært samarbeid med vitskaplege miljø)

Tema for oktobermøtet i Uppsala

Uppsala universitet
Foto: Hanne Graver Møvig

Uppsala universitet var vertskap for møtet 9.–10. oktober.

Tema var forskingsdata. Spørsmåla til gruppa var av organisatorisk art:

  • Har institusjonen research data office, og korleis er det organisert?
  • Kven er involvert, og kva tenester og verktøy blir tilbodne?
  • Kva er tilrådingar for godt samarbeid på tvers av einingar i eigen institusjon?

Alle institusjonar deler erfaringar. Så langt viser dei at vi er overraskande både like og ulike.

Vi har dei same utfordringane, vi er ulikt organiserte, men vi har likt tempo. 

Det er oppretta eigne arbeidsgrupper på tvers av IT, forskingsadministrasjonen og UB som jobbar med forskingsdatahandtering på UIO.

Få har overblikk over heile vifta av utfordringar kring open forsking. Eg har ved båe høva fått god hjelp av Elin Stangeland før møta, både for innblikk i detaljar kring UBs rolle med opplæringsplanar, og for gode talepunkt til OSWG-møta. For interesserte er vårt siste innspel her.

Gruppa fekk òg ei oppdatering på European Open Science Cloud (EOSC) som blir forklart som ein prosess, heller enn som infrastruktur på dette stadiet. Det handlar om deling av forsking forskarar imellom, gjennom lokale, nasjonale og europeiske skytenester. Tidshorisonten for prosjektet er tre år.

Science Europe presenterte arbeid kring Data Management Plans.  Practical guide to the international alignment of research data management er ferdigstilt og i bruk ved fleire av institusjonane.

Research Data Alliance (RDA) inviterte til samarbeid og medlemskap i eit «lågterskel» globalt miljø for personar interessert i arbeidet med forskingsdata. Her er UiO på medlemslista og det er fleire personleg engasjerte medlemer både UiO og UB.

Av dagens presentasjonar synest eg Universitetet i Groningens research data office stod fram som spesielt interessant. Dei hadde ei pragmatisk tilnærming til organisering og utvikling av tenesta. Dei erkjende tidleg i prosessen at kompetansen budde på mange ulike stader i organisasjonen. Miljøa gav frå seg ressursar, og var elles organiserte som i ei matrise. Dette liknar på korleis UiO har engasjert og involvert ulike miljø i arbeidet med forskingsdata på UiO – med mål om å framstå som ei teneste.

Dag 2 i Uppsala fekk OSWG-medlemer lov til å lytte seg inn på ein nasjonal workshop i regi av Uppsala Universitet nettopp om organiseringa av «research data office». Eg nytta òg høvet til eit møte med bibliotekdirektøren ved Uppsala universitetsbibliotek, Lars Burman, for å planleggje benchmarking med våre respektive leiargrupper ved UBO, Uppsala og Gøteborg våren 2020, i Oslo.

Oppsummering

Neste møte i OSWG blir i Göttingen våren 2020. Tema blir: Dele institusjonspraksis omkring opplæring og kompetanseheving i open forsking. 

The Guild OSWG er imponerande profesjonelt driven av sekretariatet i The Guild. Sakspapir og tematikk er godt kjende på førehand. 

Møtet i OSWG er også eit møte mellom ulike kulturar, noko som pregar horisonten vår på ulikt vis. Vi opplever at vi deltek i tidsnære viktige diskusjonar, og ekstra inspirerande er det med The Guilds nærvær og innverknad i EUs arbeid med open forsking. 

Av Hanne Graver Møvig
Publisert 11. okt. 2019 12:19 - Sist endret 11. okt. 2019 16:01
Illustrasjon

Lederbloggen

I denne bloggen skriver Universitetsbibliotekets ledergruppe om saker av betydning for UB og UiO. Ledergruppen består av Live Rasmussen, Helge Mjelde, Cecilia Ekström, Randi Halveg Iversby, Hanne Graver Møvig og Håvard Kolle Riis. Foto: UiO/Stine Marie Barsjø