English version of this page

Studiestart : 5 tips frå biblioteket

Velkommen til Medisinsk bibliotek. Her er våre tips til bruk av biblioteket.

Medisinsk bibliotek på Rikshospitalet

Velkommen til biblioteket. Foto: Else D. Bratland / UiO.

1. Lån bøker

Lån bøker, anatomiske modellar, lesestativ m.m., heilt gratis. Bøkene finn du i Oria.

2. Les i biblioteket

Vi har leseplassar, sittegrupper, grupperom og PC-ar med moglegheit til å skrive ut, og trådlaust nett.

For å kome inn i sjukehuset, må du ha OUS-kort, eller ei avtale med biblioteket.

Leseplassar kan bookes via TP (rombestillingssystemet til UiO) frå 17. august.

3. Få hjelp med litteratursøk, referering og oppgåveskriving

Husk at du kan alltid spørje om hjelp i våre veiledningsskrankar.

Vitje Veiledningsvakten for drop-in hjelp med litteratursøking og referansehandtering på Zoom.

4. Bruk våre ressursar på nett

Som student på UiO har du tilgang til e-bøker, tidsskrifter og forskningsartikler, uansett kvar du er. Slik får du tilgang heimanifrå.

5. Stress ned

Husk å kople av. Vi har godstolar og teikneseriar.

 

Velkommen til biblioteket! Du finn oss på Rikshospitalet, Ullevål sykehus og Det odontologiske fakultet i Geitmyrsveien.

Spør oss om du lurar på noko medisinsk.bibliotek@ub.uio.no

 

Publisert 7. aug. 2020 15:37 - Sist endra 9. sep. 2020 11:25