Til lykke med sjukepleiardagen 12. mai!
Torsdag 12. mai er den internasjonale sjukepleierdagen. Dagen er til minne om Florence Nightingale og hennar innsats for den moderne sjukepleia. Vi markerer dagen med bibliotektips og -triks for sjukepleiarar.

Nursing Reference Center Plus
er eit kunnskapsbasert oppslagsverk spesielt retta mot sjukepleiarar.
CINAHL
er ein database som dekker litteratur innanfor sjukepleie og tilgrensande fag. Dette er ein god stad å finne kvalitativ forsking og pasienterfaringar. Les meir i CINAHL-rettleiinga (pdf).
HaPI
er ein database der ein kan søkje og finne instrument brukt i studiar innan helse og psykososiale fag.
Verktøykasse for implementering av kunnskapsbaserte retningslinjer
Registered Nurses' Association of Ontario (RNAO) har utvikla ei verktøykasse for å hjelpe helsepersonell med å overføre forskingsbasert kunnskap til praksis. Verktøykassa er omsett til norsk og tilpassa norske forhold.
WY
er koden på hylla i biblioteket der du finn bøker med tema sjukepleie. Du kan søkje opp alle våre bøker i Oria. Har vi ikkje den boka du treng? Foreslå eit innkjøp!
Tidsskrift
BrowZine er ei teneste som gjer deg enkel tilgang til e-tidsskrift som Universitetsbiblioteket abonnerer på. Du kan og søkje opp e-tidsskrifta i Oria.
