English version of this page

Zotero Storage for alle UiO-brukarar 

Tenesta Zotero Storage er no tilgjengeleg for alle studentar og tilsette ved UiO. Om du legg inn UiO-e-postadressa di i Zotero-kontoen din, får du uavgrensa lagringsplass for å synkronisere PDF-filer og andre vedlegg. 

Bildet kan inneholde: produkt, tekst, linje, diskett, teknologi.

Illustrasjon: Zotero.org

Du  må leggje inn UiO-epostadressa som enten som hovudadresse eller alternativ adresse. 

Kva er Zotero? 

Zotero er eit referansehandteringsverktøy som hjelper deg å samle, halde oversikt over og bruke referansane dine. Zotero er kompatibelt med både med Word, OpenOffice og LibreOffice, og kan enkelt nyttast med LaTeX. 

Sjå Universitetsbiblioteket sine Zotero-nettsider for meir informasjon.

Publisert 9. okt. 2020 13:13 - Sist endret 12. okt. 2020 12:47