Fråsegn om personvern for nyhendebreva til UiO

UiO og UB er opptatt av personvern og av å følge gjeldande personvernreglar for nyhendebrev. Vi har oppdatert rutinane våre slik at dei følger dei nye personvernreglane.

Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Oslo sender ut tre nyhendebrev; frå HumSam-biblioteket, Medisinsk bibliotek og Realfagsbiblioteket. Sjå informasjon under om korleis du melder deg av det enkelte, og korleis du kjem i kontakt med dei ansvarlege for dei ulike nyhendebreva

Samtykke og avmelding

Du får nyhendebrev frå oss fordi du har samtykka i å få dette. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt. Då slettar vi e-postadressa di.

Personopplysningar som vert behandla i tenesta

Personopplysningar som vert behandla er e-postadressa di.

Dine personopplysningar vert, i tillegg til av oss, behandla av Mailchimp eller Sympa. Dei leverer den tekniske løysinga for nyhendebrevet vårt.

Dine personopplysningar vert lagra heilt til du trekker samtykket ditt.

Korleis ta kontakt med oss

HumSam-biblioteket

Du kan kontakte oss på humsam-kommunikasjon@ub.uio.no 

Viss du ikkje vil halde fram med å få nyhendebrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av her

Meir om Mailchimp

HumSam-biblioteket samarbeidar med leverandøren Mailchimp (The Rocket Science Group) om utsending av nyhendebrevet, og det er dette selskapet som lagrar epostadressa di. Mailchimp er eit amerikansk selskap, og er ein av dei største leverandørane av nyhendebrev i verda. Dine personopplysningar vert difor overført til USA.

Mailchimp har eit godt renommé og det er ikkje rapportert om alvorlege sikkerheitsbrot ved bruk av Mailchimp.

Mailchimp har og underteikna ein databehandlaravtale med Universitetet i Oslo når det gjeld behandling av persondata. Mailchimp behandlar berre e-post-adresser til dei som abonnerer på nyhendebrevet vårt, og formålet med behandlinga er å kunne sende deg nyhendebrevet. 

Medisinsk bibliotek

Du kan kontakte oss på umed-kommunikasjon@ub.uio.no

Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyhendebrevet vårt oppfordrar vi deg til å  melde deg av her.

Meir om Mailchimp

Medisinsk bibliotek samarbeider med leverandøren Mailchimp (The Rocket Science Group) om utsending av nyhendebrevet, og det er dette selskapet som lagrar epostadressa di. Mailchimp er eit amerikansk selskap, og er ein av dei største leverandørane av nyhendebrev i verda. Dine personopplysningar vert derfor overførte til USA.

Mailchimp har eit godt renommé og det er ikkje rapportert om alvorlege sikkerheitsbrot ved bruk av Mailchimp.

Mailchimp har også underteikna ein databehandlaravtale med Universitetet i Oslo når det gjeld behandling av persondata. Mailchimp behandlar berre e-post-adresser til dei som abonnerer på nyhendebrevet vårt, og formålet med behandlinga er å kunne sende deg nyhendebrevet. 

Realfagsbiblioteket

Du kan kontakte oss på ureal-kommunikasjon@ub.uio.no

Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyhendebrevet vårt oppfordrar vi deg til å  melde deg av her.

Meir om Mailchimp

Realfagsbiblioteket samarbeider med leverandøren Mailchimp (The Rocket Science Group) om utsending av nyhendebrevet, og det er dette selskapet som lagrar epostadressa di. Mailchimp er eit amerikansk selskap, og er ein av dei største leverandørane av nyhendebrev i verda. Dine personopplysningar vert derfor overførte til USA.

Mailchimp har eit godt renommé og det er ikkje rapportert om alvorlege sikkerheitsbrot ved bruk av Mailchimp.

Mailchimp har også underteikna ein databehandlaravtale med Universitetet i Oslo når det gjeld behandling av persondata. Mailchimp behandlar berre e-post-adresser til dei som abonnerer på nyhendebrevet vårt, og formålet med behandlinga er å kunne sende deg nyhendebrevet. 

 

Personvernsider og personvernombud på UiO

Vi har et personvern på UiO som du kan komme i kontakt ved å sende epost til personvernombudet@uio.no.

Vi har og eigne nettsider om personvern på Universitetet i Oslo.

Klage til Datatilsynet

Du kan også fremje ei klage til Datatilsynet viss du meiner at personvernet ditt er krenkt.

Gjenbruk av informasjon

Vi skal ikkje gjenbruke e-postadressa di til andre e-postlister.

Om dette skulle verte aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp epostadressa di på ei anna liste.

Publisert 27. juni 2018 15:02 - Sist endret 23. aug. 2018 15:51