Serviceerklæring
Serviceerklæringa viser deg kva UB forpliktar seg til å gjere og kva vi ventar frå deg.
Hovudoppgåva til biblioteket er å støtte universitetet sitt føremål innan forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Vi er eit offentleg bibliotek og ope for alle. Primærbrukarane våre er studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus, men vi er òg ein ressurs for brukarar utanfor universitetet.
Universitetsbiblioteket deltek i forpliktande samarbeid med andre norske og utanlandske bibliotek for å sikre primærbrukarane våre tilgang til materiale som ikkje finst i eigne samlingar.
Vi tilbyr deg
- informasjonstenester og samlingar av høg kvalitet
- enkel og effektiv tilgang til elektroniske ressursar
- rettleiing i bruk av biblioteket og hjelp til å søkje i dei faglege ressursane våre
- eit godt og inspirerande studie- og forskingsmiljø
Vi forventer av deg
- at du følgjer lånereglane
- at du set deg inn i biblioteket sin informasjon til brukarane
- at du sjølv prøver å søkje etter bøker og tidsskrift og finne frem til det som står i opne hyller.
Universitetsbiblioteket sin brukerpolitikk vedteken av Bibliotekdirektøren 02.11.2010
Publisert 20. des. 2012 10:29
- Sist endret 22. mai 2018 10:12