Bruke referansar

Zotero gjer det ikkje berre enkelt å ta vare på referansane, men hjelper deg også når du skal bruke dei.

Word/OpenOffice/LibreOffice/NeoOffice

Skal du bruke Zotero med eitt av desse verktøya må du først sørge for å ha installert programtillegget som krevst. Når dette er gjort dukker det opp ein eigen zotero-meny når du opner skriveprogrammet.

Når du har funne referansen og lagt den til i biblioteket ditt kan du gå til Zotero-menyen når du er klar til å sitere. Pass på at peikaren er der du vil ha siteringa og vel Add/edit citation. Du får då opp eit raudt felt der du kan søke i biblioteket ditt etter referansen du er ute etter. Når du har vald referansen du vil ha og trykka på enter vil den dukke opp i dokumentet.

Dersom du vil endre stilen som er brukt, går du til Zotero-menyknappen igjen og vel Document preferences. Når du har sett inn ei eller fleire referanser trenger du også ei referanseliste. Den får du også satt inn frå Zotero-menyen ved å velje Insert bibliography.

Du finn videoar med forklaringar til korleis du bruker Zotero med både Word og Open office her, og forklaring med bilete finner du i guiden Mastering Zotero.

LaTeX med BibLaTeX

Du kan også bruke Zotero om du skriver i LaTeX og bruker BibLaTeX fordi Zotero enkelt let deg eksportere referansene dine. For å gjere dette vel du File -> Eksporter bibliotek. Du vel så å eksportere referansene til BibLaTeX. Fila du får ut har .bib-ending og kan nyttast som biblioteksfil når du bruker LaTeX/BibLaTeX. Les meir om korleis du bruker LaTeX/BibLaTeX i guiden til Knut Hegna og Dag Langmyhr. 

Publisert 28. jan. 2016 12:27 - Sist endra 4. mars 2021 09:31