English version of this page

Akademisk skrivesenter

Ønskjer du å snakke med nokon om det du skriv på? Akademisk skrivesenter er ope for studentar og forskarar som ønskjer å utvikle si eiga skriving. Få hjelp med teksten din hos skrivesenteret, anten ved å booke ei rettleiing eller kome på drop-in. Vi er klare til å hjelpe deg der du er i skriveprosessen. Kom og diskuter dine idear, tekstutkast og spørsmål med oss!

Kom til rettleiing

Book time her, eller kom på drop-in i våre opningstider. Les meir om kva vi tilbyr nedanfor.

Du finn oss i Georg Sverdrups hus på Blindern, 1. etasje i HumSam-biblioteket.

Bestill time

Opningstider

Måndag    11.00 - 15.00

Tysdag     10.00 - 14.00

Onsdag    14.00 - 18.00

Torsdag    10.00 - 14.00

Fredag      11.00 - 16.00

Kven er vi?

Skrivementorane er studentar som er trente i å tilby skrivepedagogisk rettleiing.

Vi oppererar innanfor ein dialogisk skrivepedagogikk, der vi i samtale med den skrivande forsøkar å kome fram til ny innsikt knytt til teksten og skrivaren. Målet vårt er å hjelpe den skrivande å få bedre innblikk i teksten sin med fokus på neste steg, eller kva som kan betrast, og korleis jobbe med teksten framover.

Vi tek blant anna i bruk ulike skriveøvingar og modellar, og viser til aktuelle og konkrete retningslinjer. Ettersom ei skriverettleiing er ein dialog mellom menneske, er det ikkje ein konkret fasit på korleis ei slik rettleiing vil sjå ut. 

Akademisk skrivesenter er leia av David Burke.

Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr éin–til–éin-rettleiing på både norsk og engelsk med utgangspunkt i ditt eige skrivearbeid. I tillegg til dette tilbyr vi rettleiingar for samskriving og Writing for publication.

  • Temaer for veiledningen kan være spørsmål om struktur, problemformulering, drøfting/diskusjon, akademisk språk, referanseteknikk eller andre forhold knyttet til skriving.
  • NB: Skrivementorene leser ikke korrektur og gir ikke faglig veiledning.
  • For å få hjelp med litteratursøk, referanseliste og kildehenvisninger kan du bestille veiledning med en bibliotekar.

Kven passar vi for?

Vårt tilbod passar for alle skrivande ved UiO uavhengig av fagfelt, utdanningsnivå og kvar ein er i skriveprosessen.

Ein kan kome til oss med eit konkret spørsmål eller eit område ein ønskjer å sjå nærmare på. Men ein kan også kome innom utan at det er noko spesifikt ein lurer på, for eksempel om ein står fast i skrivinga.

Det kan vere lurt å kome tidleg i skriveprosessen, men vi er her også for deg i innspurten.

Kurs og workshops

–, DSC-Oasen

Er det vanskelig å finne tid til å skrive? Akademisk skrivesenter arrangerer felles, strukturert skrivetid for studenter, stipendiater og postdoktorer.

–, GSH: DSC-Oasen

Er det vanskelig å finne tid til å skrive? Akademisk skrivesenter arrangerer felles, strukturert skrivetid for stipendiater og postdoktorer.

–, GSH: DSC-Oasen

Er det vanskeleg å sette av tid til å lese? Bli med på Lesing på UB, og få ein god start på veka!

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller skal du sende ditt utkast til oss, kan du kontakte oss på skrivesenter@ub.uio.no.