Lesing på UB

Er det vanskeleg å sette av tid til å lese? Bli med på Lesing på UB, og få ein roleg start på dagen!

Skildring

Har du noko som må lesast? Eller noko du ønskjer å lese? Kvar onsdagsmorgon samlast vi på HumSam-biblioteket i DSC-oasen, for å få eit avbrekk midtvegs i veka ved å lese i fellesskap. Det er opp til kvar enkelt om ein vil bruke denne timen på å lese pensum, aviser, diktsamlingar, romanar, teikneseriar eller liknande. 

Universitetsbiblioteket og Akademisk skrivesenter står for kaffi, og du tek med eige lesestoff.

Kven kan delta?

Alle er velkomne! Tilbodet er for alle på UiO, uavhengig om ein er student eller ansatt.

Korleis funkar det?

  • 09.00: Dørene opnast, og ein kan hente seg kaffi, og gjere seg klar til å lese. 
  • 09.15: Vi legg vekk mobilen og andre distraksjonar, og les i tre kvarter.
  • 10.00: Lesestunda er over, og vi fortset dagen!
Emneord: Lesing, Bibliotek
Publisert 13. okt. 2026 15:34 - Sist endret 15. okt. 2026 10:38