Den store franske encyklopedien står som sjølve symbolet på opplysningstida! Ideen bak verket var å samle og demokratisere all menneskeleg kunnskap i eitt enkelt verk. Encyklopedien var det første store oppslagsverket der fleire ulike forfattarar stod som ansvarlege for artiklane.
Målet var å «endre den vanlege måten å tenkje på», og tankegodset i encyklopedien var med på å leggje grunnlaget for den franske revolusjonen. Utgjevinga vart fleire gonger stansa av styresmaktene, mellom anna på grunn av dei mange kyrkjekritiske tekstane.
Verket kom ut i perioden 1751–1780 og består av 34 bind med tekst og plansjar, med til saman 75 000 oppslagsord!
Velkomen til å sjå utstillinga! Den viser eit utval plansjar frå det flotte verket!