English version of this page

Skrivenatt 2026

Velkommen til Skrivenatt, ein kveld med fullt fokus på skriving! På programmet finn du blant anna opplegg som tek føre seg kunstig intelligens, datavisualisering, referansehandtering og det menneskelege ved skrivinga. Og som alltid vert det Shut Up & Write! og skriverettleiingar med mentorane frå Akademisk skrivesenter.

Bildet kan inneholde: gest, rektangel, font, parallell, grafikk.

Illustrasjon: Siri Frøseth-Rønning

Program 

16:30 Velkommen! Welcome! 
Norsk/Engelsk | Scene HumSam 
Mentorar frå Akademisk skrivesenter ønskjer velkommen til Skrivenatt. 

16:45–18:00 Using AI as a Student @ UiO
Engelsk | Scene HumSam 
KI-verktøy som ChatGPT finnast, og kan brukast til mykje forskjellig. Kva betyr dette for meg som student ved UiO? Kva treng eg å vite? Kan eg bruke ChatGPT og andre KI-verktøy i studia mine? Hilde Westbye, Andrea Gasparini, Erik Winge og David Burke, frå Universitetsbiblioteket, vil blant anna snakke om rettningslinjer, lover og reglar, kva ulike KI-verktøy kan brukast til, bruk av KI i skriving, og den etiske dimensjonen knytt til KI.

16:45–22:00 Post-it tavler: Del dine tankar om skriving! 
Norsk/Engelsk | 1. etasje  
Del dine tankar om skriving på tavlene som er plasserte rundt om kring i 1. etasje. 

17:00–21:00 Skriverettleiingar
Norsk/Engelsk | Akademisk skrivesenter
Skriv du noko? Sit du fast eller er usikker på vegen vidare i teksten? Er bodskapen tydeleg? Er det god flyt i teksten? Er kjeldene dine ført opp på rett vis? Vil du prate med nokon om teksta di? Kom på drop-in rettleiing med ein av mentorane frå Akademisk skrivesenter (i opp mot 30 minutt)!

17:15–18:00 Workshop: Zotero
Norsk | DSC-Oasen
Kom i gang med referanseverktøyet Zotero! Julie Skattebu og Tarjei Fiskergård Werner, bibliotekarar ved Universitetsbiblioteket, viser korleis slike verktøy gjer det lettare å både føre referanselister og halde orden i dei ulike kjeldene ein tek i bruk. Denne workshopen passar både for nybegynnarar og meir erfarne brukarar.

18:10–23:00 Shut Up & Write! 
Norsk/Engelsk | Eige område i 1. etasje   
Shut Up & Write er ei velkjent metode for å strukturere skrivetida og unngå distraksjonar. Kom og finn skriveflyt saman med andre. Vi passar på tida og seier i frå kva tid det er pause der du kan ta deg ein kopp kaffi eller te, prate med sideman, sjekke sosiale media, og liknande. 

18:15–19:00 Visualizing Science: Design principles for clear communication
Engelsk | Scene HumSam
Kva for ei rolle spelar visualisering i vitskapen? Lær korleis effektive visuelle utformingar kan gjere komplekse data engasjerande og enklare å forstå. Kom og lytt til Elisa Pierfederici, og få praktiske tips til korleis ein kan bli ein betre vitskapskommunikator.

18:15–19:00 Referer riktig!
Norsk | DSC-Oasen
Julie Skattebu og Tarjei Fiskergård Werner, bibliotekarar ved Universitetsbiblioteket, held kurs grunnleggande referansehandtering. Her kan du blant anna lære meir om parafrasering, det å skrive direkte sitat og referanselister, og bruk av bilder.

18:15–19:00 Workshop: Kom i gang med skrivinga!
Norsk | Litteratur Salongen
Skal du skrive noko? Ei semesteroppgåve? Eller kanskje bacheloroppgåva di? Er det vanskeleg å kome i gang? Bli med på skrivekurs i regi av Akademisk skrivesenter, og lær praktiske metoder som kan hjelpe deg i gang med skrivinga og som held deg skrivande!

19:05–20:00 I skrivande stund...
Norsk/Engelsk | Litteratur Salongen
Skriving kan vere ein einsam prosess. Kom og høyr på studentar ved UiO som delar av erfaringane sine knytt til det dei skriv på no, eller del noko frå din eigen skriveprosess!

19:15–21:00 Samskriving: Workshop basert på kunstterapi 
Engelsk | DSC-Oasen
Kva er nøkkelen til suksess i akademisk samskriving? I denne workshopen kjem vi til å ta i bruk kunstbaserte øvingar for å refelktere rundt kva samarbeid betyr for oss som skrivarar, og kva som støttar eller hindrar ein slik felles skriveprosess. I staden for å fokusere på samskrivingsteknikkar, inviterar denne workshopen til kreativ leik og sjølvutforsking, der ein bevegar seg mellom verbale og visuelle uttrykksmåtar.

Workshopen passar for alle som skriv akademisk uansett kvar ein er i løpet, og uavhengig av tidlegare kunsterfaring. Ein må melde seg på workshopen på førehand (drop-in er mogleg om der framleis er ledige plassar).

Workshopen vert leia av Agata Zelechowska, forskar, kunstnar og fasilitator. Zelechowska har ein PhD in musicology, ein master in psykologi, og fullfører for tida ein master i kunstterapi.

Praktisk

Ta med skrivesaker, eventuelt PC og eigne notat. Har du planar om å bli heile kvelden, kan det vere lurt å ta med mat og drikke.

Vi serverer gratis kaffi, te og litt snacks.

Ope for alle studentar, velkommen!

Publisert 13. mars 2026 11:10 - Sist endret 14. apr. 2026 18:09