print logo
English version of this page

Fysikk – Fagressursar

Finn bøker, digitale artikler, e-bøker, tidsskrifter m.m.

Artikkelsøk i databasane til faget

Web of Science (Thomson Reuters)
Tverrfagleg referanse- og siteringsdatabase. Stort overlapp med Scopus både i dekning og funksjonalitet, men Web of Science har betre dekning bakover i tid.

IEEE Xplore
Fulltekstarkiv for tidsskrift, e-bøker og konferansepublikasjonar (proceedings) frå IEEE og IET, IBM og VDE Verlag, samt IEEE Standards Dictionary. Dekkjer anvendt fysikk, teknikk og informatikk med særleg fokus på elektronikk.

Scopus (Elsevier)
Tverrfagleg referanse- og siteringsdatabase lansert i 2004. Stort overlapp med Web of Science, men Scopus inneheld litt fleire oppføringar.

arXiv (1991-)
Ope fulltekstarkiv for fortrykk (preprints) innan fysikk, matematikk, informatikk m.m. Særleg sterk på teoretisk fysikk.

Google scholar
Søkemotor for vitskapeleg informasjon. Sjå FullText@UBO for tilgang til fulltekst eller tinging av lån/kopi.

Bøker

Kom gjerne med tips om ressursar du synest vi bør kjøpe inn, både fysiske og elektroniske. Vi set stor pris på alle ynskje og tips.

Tidsskrift

BrowZine er ein virtuell erstatning for den gamle tidsskrifthylla, der ein kunne kome og titte i de nyaste tidsskrifta på tvers av forlag. Har du eit nettbrett (iPad eller Android) kan du følgje med på tidsskrift Universitetsbiblioteket har tilgang til frå eit stort antall utgjevarar. Preprints vert òg vist frå mange tidsskrift. Vi håper det òg kjem ein desktop-utgåve.

Vi tilrår tidsskrift:

LaTeX med venner

Referansehandtering

Har du mange referansar å halde styr på? Eit referansehandteringsverktøy hjelper deg gjennom heile skriveprosessen. Du sparer til på å finne dei same referansane fleire gongar og unngår feil som oppstår når du fører inn referansane manuelt. Vi har laga guide for både EndNote og Zotero.

Tips for skriving og publisering

Bachelor, master,  phd og forskningsartikler, her finner du mer hjelp og informasjon om skrive- og publiseringsprosessene:
Lenke til søk og skriv

Lenke til PhD on track

Kurs

Realfagsbiblioteket bidreg med kurs i FYS1120 Elektromagnetisme. I tillegg har me eit oppstartkurs for nye masterstudentar.

Ta kontakt med fagansvarleg for andre kursynskje.

Spør oss!

Litteratursøk, oppgåveskriving, forskarstøtte og andre spørsmål.

Andre relevante fagsider